Sånn går nu dagan…

Morn igjen, lenge siden sist.

Det har i og for seg ikke skjedd så mye nytt heller, siden jeg skrev sist. Noen påstår at det IKKE er dekning, folk med peiling viser at det ER dekning, folk blir fornøyde.

SP vil utsette slukking, for de påstår at dette kommer for fort. Og så er det visst ikke bra for distriktene. Jeg synes det er litt snålt at de ikke synes det er fint at distriktene får samme brede tilbud som byene og de mer tettbygde strøkene, også der det har vært begrenset tilgang til FM til nå. Men dem om det. Politikk er virkelig ikke min greie.
Men at dette liksom skal komme for fort på dem, DET mener jeg forteller noe om hvor mye de følger med på det de driver med.

Les denne saken fra NRK, og legg merke til datoen!

FM – en suksesshistorie, til slutt

"svigerbesten" sin FM-adapter fra 1940-tallet.

«svigerbesten» sin FM-adapter fra 1940-tallet.

Her kan vi for eksempel lese at det var Voss som i sin tid fikk FM først. Og da måtte de faktisk ha adaptere på AM-radioen sin! Siden jeg er gift på Voss, og mannen min er den han er, er en av disse adapterne tatt godt vare på og befinner seg nå hjemme hos oss. Den er just ingen liten «dings» som man kan gjemme bak kjøkkenbenkradioen sin…

fm-adapter1

Og når vi snakker om Voss, vil jeg gjerne nevne noe som virkelig fikk meg til å sperre øynene opp og lese et par ganger for å være sikker på at jeg ikke hadde mistet leseferdighetene helt. Mye rart, feil, pussig og kunnskapsløst har jeg lest i debatten rundt DAB, men jeg tror kanskje et leserinnlegg i Avisa Hordaland på Voss den 1. november er det drøyeste jeg har lest. Her er det en innsender som sammenligner innføringen av DAB med tyskernes innsamling av radioer under 2. verdenskrig. Myndighetene kaller han «Høge Mynde», og det er også en hel del annet  som kan få en normalt interessert radiolytter til å pusse lesebrillene en ekstra gang.

Og avisen følger opp med fint bilde og god plassering. Nå har jeg fulgt med i Hordaland, som er som lokalavis å regne her i huset, om noen skulle svare, men det har jeg ikke sett noen tegn til (på Voss stresser de for tida mest med at skolene ikke vil sende elevene sine på julegudstjeneste i kirka, så denslags radio-overgrep kommer nok noe i bakgrunnen).

dab-almeland-01-11-2016

Faksimile, Avisa Hordaland 1. november 2016. Den grå ruta er eg som har teke bort noko som ikkje hadde med denne saka å gjere.

For å svare på det innsendaren skriv, og for å vise at eg har forstått kva han skreiv, kjem resten av denne bloggposten på nynorsk.

Innsendaren samanliknar altså tyskarane si innsamling av radioar med innføringa av DAB. No er vel den mest opplagde skilnaden her at tyskarane sitt mål var å ta frå folk informasjon, medan DAB utvidar tilbodet til lyttaren. Det blir altså MEIR informasjon med DAB. Til dømes har vi no fått full DAB-dekning, over 20 moglege radiostasjonar, på hytta på Reime, der vi tidlegare sleit med å få NRK P1 til å halde seg stabil gjennom ei vermelding eller ei Dagsnytt-sending.

Vidare skriv han:
100-tals millionar kroner er gått til finansiering av ny DABinfrastruktur gjennom våre pålagde NRK-lyttaravgifter og skattekroner. Men pengar til å halda oppe våre alt eksisterande FM-kanalar er det ikkje …

I røynda har han nok  ikkje betalt ei skattekrone for dette, for dette går ikkje over skattesetelen.

Så kjem det vanlege argumentet om søppelberg, med bøn til naturvernarane om å vere medvitne om TONN av søppel. Når over 93% av ein FM-radio kan attvinnast, og dessuten dei fleste FM-radioar kan få nytt liv med ein adapter, er dette eit argument som no snart burde vere oppbrukt og daudt. MEN det kjem an på om folk faktisk leverer inn radioar dei ikkje skal bruke meir.

Så er det all denne straumen DAB-radioar visstnok bruker. No er det vel ei stund sidan det kom meir straumgjerrige radioar, og det er og sånn at distribusjonen av DAB krev mindre energi (altså straum, elektrisitet) enn FM-nettet.  Sjå her (trykk på teksten for å få heile saka frå NRK):

stromforbruk-dab

Han meiner og at handsaminga av DAB-innføringa har «gått merkverdig stille føre seg». Til det er å seie at det er rundt 20 år sidan dei første DAB-radioane kom. Saka har vore oppe gjennom Stortinget sine organ i fleire rundar. Det vart lagt klare føringar for kva føresetnadar som måtte vere på plass før stenging av FM-nettet, og det er alt to år sidan desse måla var nådde og slokkedatoen vart sett. Det har vore jamra i aviser og på nettsider i fleire år. Dette gjer at eg og er litt undrande til kvifor det no vert brukt som eit argument mot DAB+ at 7 av 10 bilar framleis ikkje har DAB+. Det kan i alle fall ikkje vere fordi dei ikkje har visst om det.

Det eg meiner er interessant her, er: KVIFOR trur/meiner/skriv folk slikt som dette? Kvifor er motstanden så stor?

Er det eigentleg forandringa folk er redde for? Redde for at dei ikkje skal klare dei tekniske utfordingane med å plassere ei antenne rett? Redde for kostnadane? Ein radio kostar jo som kjent fort nesten halvparten av ein ny iPhone. Viss ein kjøper av dei dyraste radioane, altså. På Elkjøp kan du rett nok få nokre «flaggskipmodellar» til rundt 10 000 kroner, men dei fleste (av mange!) radioane ligg på ein pris rundt 1000-1500  kroner. På same nettside ligg iPhone 7 i prisklasse frå ca 7300 til 8300 kroner. Eg høyrer ikkje at nokon bekymrar seg for det – og dei fleste eg kjenner, kjøper ny telefon oftare enn dei kjøper ny radio.

Fasiten kjem snart. I dag er det 48 dagar til den digitale omlegginge i første regionen. Mannskap er ute for å hjelpe.

Så spørs det om folk vil ha den hjelpa, då, eller om dei helst vil ha geipen nede på tredje vesteknappen og kjenne seg overkøyrde og misforståtte?

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s